Dagens bibelord

Johannes 14,1–11

Dagens bibelord 11.05.2025

Johannes 14,1–11

1  Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2  I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? 3  Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4  Og dit eg går, veit de vegen.»
5  Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» 6  Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. 7  Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
8  Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.» 9  Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’? 10  Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar. 11  Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.

Kilde: www.bibel.no